28. mars 2014

Praksisplassane klare for kull 20

Frå 2. mai til og med 30. juni skal kull 20 i ekstern praksis, etter fire månader med opplæring og praksis i Førde, i redaksjonen til NRK Sogn og Fjordane. Ein av dei beste nyhenderedaksjonane i NRK.

– Med bakgrunnen derifrå er dei godt skodde til å aksle nye oppgåver i andre redaksjonar, og no er det klart kvar kull 20 skal i praksis, seier Magni Øvrebotten.

Oddbjørn Myklebust Opsal (25) skal til «Salongen» i NRK P2, Liv Ragnhild Holdhus Sjursen (29) skal til Her og No i NRK P1 på Tyholt, Guro Kvalnes (22) til Kultur-og underhaldning i NRK P2, på Marienlyst, Silje Steinnes Bjerknes (25) skal til NRK Møre og Romsdal og Halvor Farsund Storvik (32) skal vere i NRK Sogn og Fjordane, mykje av tida ved lokalkontoret i Sogndal.