
2. mai 2017
Kull 26 i ekstern praksis
Kull 26 byrja i praksis i redaksjonen til NRK Sogn og Fjordane 7. mars, og arbeidde der til 28.april. Dei starta som nynorskpraktikantar 4. januar, og har fått opplæring i journalistikk, data, teknikk og nynorsk som mediespråk. Og dei har lært å arbeide på alle plattformer; nett, sosiale medium, radio og fjernsyn. – I redaksjonen i Førde får dei praktisert dette i samarbeid med røynde kollegaer, og dei kan spørje faglærarane til råds om det er hol i kunnskapen. Vi trur dei fem på kull 26 skal er godt skodde for både Alta, Ålesund, Førde og Oslo, seier Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter.