26. februar 2020

Praksisplassane for kull 32

Frå 2. mai og ut juni skal kull 32 i ekstern praksis, og vona er at dei skal syne seg så gode at dei også får seg sommarjobb etterpå. Den 2. mars byrjar dei i praksis i redaksjonen i Førde, der dei skal arbeide på alle plattformer til dei dreg herifrå. 30. april.

Dette er praksisplassane for kull 32:

Astrid-Amalie Hetland skal til NRK Supernytt, Sjur Mikal Dolve til NRK Vestland i Bergen, Emily Louisa Millan Eide til Kulturnytt i NRK Nyhende, Guro Brattespe Lahus til NRK i Telemark og Trine Svanholm Misje til innanriksredaksjonen i NRK Nyhende på Marienlyst.