28. november 2013

Praktikant i FN

Frå januar til juni 2014 vert Vegard Tjørhom praktikant i FN i New York. Han skal mellom anna skrive referat frå møter i Tryggingsrådet og generalforsamlinga, og førebu møter og besøk for politikarar som kjem til FN.

Vegard Tjørhom (1987) var nynorskpraktikant på kull 18, som var ferdige 1. juli i år. Han hadde ekstern praksis i NRK Utanriks, og har vore tilkallingsvikar der etterpå, i tillegg til studiar.

Kva går jobben ut på?

Som studentpraktikant ved FN-delegasjonen i New York får ein ulike arbeidsoppgåver, som ofte er tilpassa den kunnskapen og erfaringa ein sit inne med. For min del vil mykje av arbeidstida gå med til å vere med på møte i Tryggingsrådet og FN si generalforsamling, og skrive referat frå desse møta. Referata skal heim til utanriksdepartementet, slik at dei er oppdaterte på det som skjer i New York. Elles vil ein del tid gå med til å planlegge møte for norske politikarar på FN-besøk, og til å ta mot gjester som kjem til New York og besøker FN-delegasjonen for å lære meir om FN. Det er med andre ord varierte oppgåver, som eg trur vil passe meg og mine interessefelt veldig fint. Eg kjem til å vere i New York frå januar til slutten av juni.

Kvifor søkte du på jobben?

Eg er særs nøgd med jobben eg har hatt i NRK, der eg har fått jobbe nærast fulltid som tilkallingsvikar i utanriksavdelinga, men samstundes merker eg også at eg vert som ein lettvektar å rekne samanlikna med mine kollegaer i NRK Utanriks. Eg har visst sidan eg starta her at eg også må skaffe meg meir kunnskap og erfaring for å bli ein betre utanriksjournalist, og denne jobben her er ein jobb kor eg kan få ny og verdifull erfaring. Denne jobben er også ein unik sjanse til å få utfordre seg både språkleg, intellektuelt og kulturelt. Eg er overtyda om at eg også kjem til å bli ein betre journalist med dei erfaringane eg kjem til å få dei neste seks månedane.

Noko du gruar deg til?

Eg er ikkje typen som gruar meg så mykje, men det å bu i ein storby som New York, og ikkje minst jobben med å finne eit krypinn der borte vil bli ei utfordring. Det vert også spennande å sjå korleis eg heng med språkleg. Om eg møter på ein avansert byråkratisk engelsk i FN, så kan rapportane heim til UD bli korte.

Kva er planane for framtida?

Planane er framleis å jobbe med media, og aller helst som utanriksjournalist. Om eg skulle finne ut at diplomatiet er spennande, så ser eg ikkje bort frå at ein kombinasjon av dei to sektorane kan vere interessant. Men draumen er nok framleis å få lov til å halde fram med både TV, radio og skriftleg journalistikk i lang tid framover, og kanskje ein dag flytte til Afrika for å rapportere derifrå i ein periode.

Av alt du lærte ved Nynorsk mediesenter, kva vil du få mest bruk for i jobben i FN-delegasjonen?

Sjølvtilliten eg har fått frå gode erfaringar som dei i Sogn og Fjordane er alltid godt å ha med seg. Å heile tida bli pressa på å prestere betre og ikkje slå seg til ro med at status quo er godt nok, det er også lærdom eg har med frå tida i Førde. Språket mitt har blitt betre, men det kan bli endå betre. Det er også verdt å nemne at Nynorsk Mediesenter har vore ein døropnar for meg inn i NRK Utanriks, og alle dei erfaringane eg har fått derifrå.