Vegard Tjørhom (Foto: Saqib Rizwani)
28. mars 2014

Praktikant i Tryggingsrådet

– Etter sju månader i NRK Utanriks hadde eg for så vidt lyst til å halde fram der, men på same tid kjente eg eit behov for å reise ut og lære meir. Få litt meir kjøt på beinet rett og slett. Og kva er vel då betre enn seks månader ved FN sitt hovudkvarter, i sjølvaste USA? Det skriv Vegard Tjørhom, som var nynorskpraktikant våren 2013.

Kva jobbar du med?

Min portefølje, som det så fint heiter, er i stor grad Tryggingsrådet og anna som har med tryggingspolitikk å gjere. Det er veldig kjekt å få jobbe med noko ein har høyrt så mykje om frå før av. No som situasjonen i Ukraina er på sitt mest intense er det særleg interessant å følgje debattane. Det same gjeld eigentleg det som skjer i Syria, Sør-Sudan og Den sentralafrikanske republikk også. Som journalist har eg jo fått laga mange saker om dette frå før av, så det å sjå det frå ein annan vinkel er absolutt interessant. Dagane startar som oftast med at eg oppdaterer meg på det som har skjedd i verda medan eg har sove. Det gjer eg ofte på veg til t-banen. På kontoret les eg litt e-postar, og ser kva som skjer i FN i løpet av dagen. Deretter stikker eg ned til Tryggingsrådet klokka ti. Etter møta i Rådet slår eg gjerne av ein prat med praktikantar frå andre land, eller så tuslar eg opp att til kontoret der eg skriv rapport frå møta og sender til Oslo. Andre dagar kan det vere at eg skal hjelpe folk som er på besøk frå Noreg eller ha omvising med nordmenn rundt i FN-bygget. Men det er altså aller mest møtegåing og rapportering det går i.

Korleis hamna du der?

Eg har lenge hatt lyst på denne jobben, og det er opent for alle studentar å søke. Etter sju månader i NRK Utanriks hadde eg for så vidt lyst til å halde fram der, men på same tid kjente eg eit behov for å reise ut og lære meir. Få litt meir kjøt på beinet rett og slett. Og kva er vel då betre enn seks månader ved FN sitt hovudkvarter, i sjølvaste USA? I tillegg får eg verkeleg brynt engelsken min for første gong i livet mitt, faktisk. Eg har også vore heldig på vegen hit, for det er mange som søker på denne stillinga.

Kva har det betydd å vera nynorskpraktikant?

Det har nok ikkje betydd så mykje direkte, men indirekte har tida mi ved Nynorsk mediesenter vore avgjerande. For det første hadde eg nok ikkje vore her om det ikkje var for jobben min i NRK Utanriks. Og den jobben fekk eg jo på grunn av Nynorsk mediesenter. I tillegg er det av særs stor verdi å ha jobba som journalist. Eg skriv mykje rapportar, og i ei FN-verd der språkbruken gjerne er unødvendig komplisert, så kjenner eg det er godt å kunne vere såpass språksikker at ein klarer å gjenta ein bodskap enkelt og konsist. Også har Nynorsk mediesenter gjort meg god i nynorsk. Rett og slett. Eg har sjølvtillit på språket mitt, og sjølv om det sikkert hadde vore enklare for kollegaene mine om eg brukte bokmål, så er eg såpass glad i nynorsken at eg held fast på den også i diplomatiet.