27. august 2010

Praktikant Vegard, kull 13, melder om god veke

Veka starta med formelle helsingar frå senterleiar Magni Øvrebotten og distriksredaktør Rolf Sanne-Gunnersen og omvising på NRK Sogn og Fjordane-bygget. Dagane har byrja kl.08.00 med å skaffe seg eit kjapt overblikk over nyheitene gjennom NRK og lokalavisene i fylket. Så har praktikantane observert redaksjonsmøte på morgonane kl.08.10. Etterpå har den praktiske opplæringa starta i andre etasje der Tone Lin Søfring, […]

Veka starta med formelle helsingar frå senterleiar Magni Øvrebotten og distriksredaktør Rolf Sanne-Gunnersen og omvising på NRK Sogn og Fjordane-bygget.

Dagane har byrja kl.08.00 med å skaffe seg eit kjapt overblikk over nyheitene gjennom NRK og lokalavisene i fylket. Så har praktikantane observert redaksjonsmøte på morgonane kl.08.10. Etterpå har den praktiske opplæringa starta i andre etasje der Tone Lin Søfring, Randi Indrebø og Brit Jorunn Svanes har briljert med teknisk kompetanse, enorm erfaring og godt humør.

Nynorskpraktikantane har òg hatt besøk av tidlegare distriksredaktør Arve Sandal, no banksjef i Sparebanken Sogn og Fjordane, som gav ein god og grundig presentasjon av fylket og journalistiske oppgåver og utfordringar

Kan elles melde om mykje regn i Førde, generelt ekstremt trivelege medpraktikantar og folk på NRK-huset, og eg gler meg til til resten.

Takk.