Aleksander Båtnes

Aleksander Båtnes

Fødd: 1992

Frå: Sula, Møre og Romsdal

No: Vikar i Her og Nå

Aleksander Båtnes var nynorskpraktikant på kull 26, våren 2017. Han har ekstern praksis i NRK Møre og Romsdal og fekk sommarjobb og vikariat der etterpå. Båtnes arbeidde i Ålesund til han i februar 2018 byrja i eit vikariat i Her og Nå-redaksjonen i Trondheim.

Båtnes har ein bachelor i Experience & Event Design frå Westerdals i Oslo, ei utdanning med vekt på prosjektleiing og kontakt med marknaden, og fokus på opplevingar. Før han vart nynorskpraktikant i 2017 hadde han arbeidd som journalist i både NRK P3, mP3 og Radio Ålesund.

Aleksander Båtnes seier dette om seg sjølv:

– Eg vart tidleg klar over at eg vil jobbe i media. Mykje på grunn av gleda eg finn i å vere kreativ, fortelle historier og produsere innhald for fleire plattformer. Eg forelska meg tidleg i radioproduksjon, og set stor pris på sjansane eg har fått til å utvikle ferdigheitene mine gjennom jobbar i fleire redaksjonar.