Anders Martin Helle

Anders Martin Helle

Fødd: 1994

Frå: Sogndal

No: Vikar i NRK Buskerud.

Anders Martin Helle var nynorskpraktikant på kull 28, våren 2018. Han hadde ekstern praksis i NRK Buskerud og arbeider framleis i Drammen, som videojournalist.

Helle har studert dokumentarfilm på Høgskulen i Innlandet med fordjuping i fototeknikk. Dokumentarane han har jobba med der fortel historier rundt tema som strekk seg frå kreft og rusomsorg til identitet og kreative uttrykksbehov. Gjennom ungdomstida var han instruktør for Danseverkstaden og Free Running-gruppa i Sogndal.

På fritida utanom praksisen produserer Anders Martin eit par podkast som har sparka i gong ei interesse for radio.

– Eg har fortalt historier frå eg som tiåring byrja å lage animasjonsfilmar inspirert av Flåklypa Grand Prix. Interessa festa seg raskt i filmmediet og eg enda opp med å studere dokumentarfilm i Lillehammer. No ynskjer eg å ta tak i dei nære, personlege og samfunnskritiske historiene og formidle dei gjennom journalistikken.