Bente Kristin Rundereim Kjøllesdal

Bente Kristin Rundereim Kjøllesdal

Fødd: 1990

Frå: Utvik i Stryn

No: Vikar Framtida.no

Bente Kristin Rundereim Kjøllesdal varr nynorskpraktikant på kull 28, frå 3. januar til 30. juni 2018. Ho hadde ekstern praksis i NRK Hordaland og hadde sommarjobb i Yr.no i sommar. No er ho vikar på nettstaden Framtida.no.

Kjøllesdal har ei bachelorgrad i historie frå UiB og ei mastergrad i europeiske og amerikanske områdestudium med spesialiseringa Russland-studium frå UiO. Ho har i studietida vore på fleire utvekslingar både nært og meir fjernt – ved Det norske institutt i Athen, Technische Universität Berlin, og Det norske universitetssenter i St. Petersburg. Elles har utvikaren også vore leksehjelp på Røde Kors sitt ressurssenter i Groruddalen i Oslo, der ho fann ut nøyaktig kor mykje av lærdomen frå ungdomsskulen som faktisk er att.

– Eg har studert og studert og studert, vore litt avløysar i sauefjøs, og så studert litt til. Så etter å ha brukt åtte år på å lære å skrive akademisk, skal eg no bruke seks månadar på å kaste det ut av vindauget. Det vert nok færre tekstar “inspirert av den kritiske diskursanalysen si forståing” av eit eller anna – og godt er det! Det var språkgleda og skrivelysta som førte meg til Nynorsk Mediesenter, men det var ikkje mange dagane før eg vart klar over og byrja utforske dei endelause mogelegheitene også på radio og TV!