Birgitte Vågnes Bakken

Birgitte Vågnes Bakken

Fødd: 1993

Frå: Langevåg i Sula kommune.

No: nynorskpraktikant

Eg har ein mastergrad i fransk frå Universitetet i Bergen, med fordjuping i fransk litteratur, og eit årsstudium i historie frå L’Université de Lille i Frankrike. Våren 2018 var eg praktikant i kultur- og kommunikasjonsseksjonen ved Den norske ambassaden i Paris.

Språket mitt er meir enn eit kommunikasjonsmiddel for meg – det er ein del av identiteten min! Eg er over gjennomsnittet interessert i språk, eg har trass alt ein mastergrad i fransk, og har alltid elska å skrive.

Eg angrar ikkje eit sekund på at eg valde å studere fransk og historie, og sitt att med kunnskap, erfaringar og opplevingar eg ikkje ville vore utan. Det er likevel ikkje opplagt kva ein skal arbeide med etter ei slik utdanning. Journalistyrket er noko eg lenge har hatt i bakhovudet, og den praktiske og intensive opplæringa som Nynorsk mediesenter tilbyr, er perfekt for meg som allereie har ein mastergrad innan eit anna fagfelt.

I praksisen på ambassaden har eg i tillegg fått erfaring med kommunikasjons- og informasjonsarbeid, og dette har gjeve meirsmak. No gler eg meg til å arbeide på nynorsk, og til å fortelje andre sine historier. Eg ser praktikantplassen ved Nynorsk mediesenter som eit unikt høve til å lære journalistyrket og til å få jobberfaring.