Borghild Andersdotter Vevle

Borghild Andersdotter Vevle

Fødd: 1993

Frå: Osterøy, Hordaland

No: Barnehagelærar

Borghild Andersdotter Vevle var nynorskpraktikant på kull 27, frå august 2017 til mars 2018. Ho hadde ekstern praksis i nettredaksjonen Superfront i NRK Super. Ho er fast tilsett barnehagelærar.

–  Etter vidaregåande arbeidde eg eitt år som vikar i barnehage og som assistent i pleie og omsorg. Deretter studerte eg journalistikk ved Norges Kreative Fagskule i eitt år, før eg utdanna meg til barnehagelærar ved Høgskulen på Vestlandet i Bergen.

Som tenåring høyrte eg på O-fag på P3 ein heil sommar, og eg hugsar at eg tenkte “herlighet, tenk å ha som jobb å prate og ha det gøy på radio!” Etter det var det den hemmelege draumen, og eg forsøkte å satse litt på den ved å byrje å studere journalistikk etter vidaregåande. Men eg feiga ut fordi eg var redd for å ikkje få jobb, så eg satsa på plan b og utdanna meg til barnehagelærar.