Eli Bjelland

Eli Bjelland

Fødd: 1981

Frå: Stord, Hordaland

No: Journalist/produsent NRK Dagsnytt

Eli Bjelland gjekk på det fyrste kullet med nynorskpraktikantar, 2004/05, og har arbeidd i NRK etterpå. Ho er fast tilsett i nyhendeavdelinga på Marienlyst.
25. november byrjar ho i eit årsvikariat som journalist ved NRK Hordaland sitt lokalkontor på Stord, med permisjon frå Marienlyst.

Bjelland har arbeidd som journalist i NRK Dagsnytt og Alltid Nyheiter, og mest som produsent for nyheitssendingane Nyheitsmorgon, Nyheitslunsj og Nyheitsettermiddag i P2. Ho har også vore språkkontakt for nynorsk i Dagsnytt og Alltid Nyheiter.

Ho har arbeidd i NRK heilt sidan ho var nynorskpraktikant. Først i NRK Hordaland som radio- og TV-journalist, og i Dagsnytt sidan 2006. Før ho blei nynorskpraktikant, fullførte ho eit toårig studium i journalistikk ved Høgskolen i Bodø. Ho hadde også eitt år med historie grunnfag frå Universitetet i Bergen og eitt år på Møre Folkehøgskole bak seg før ho byrja på Nynorsk mediesenter.

 

Kull 1

Eli Bjelland (1981), frå Stord i Hordaland

Knut Åge Teigen (1970), frå Årdal, Sogn og Fjordane

Svein Ove Hansli (1976), frå Vinje i Telemark

Maria Rivedal (1981), frå Naustdal i Sunnfjord/Oslo

Inger Johanne Sæterbakk (1981), frå Bodø, Nordland