Elias Engevik

Elias Engevik

Fødd: 1995

Frå: Solund, Sogn og Fjordane

No: Vikar fotograf i TV 2

Elias Engevik var nynorskpraktikant på kull 21, 2014/15. No er han vikar som fotograf i TV 2. Etter at han var ferdig som nynorskpraktikan drog han i det militære. Der var han journalist i sjøforsvaret på Håkonsvern. Frå 2016 til 2019 studerte han TV-teknikk ved Høgskulen på Lillehammer, og spesialisere seg på einkamera-produksjonar. Engevik var tilkallingsvikar i NRK Hedmark og Oppland heile studietida.

Eg er oppvaksen i ei lita øy- kommune, ytst i Sognefjorden. Solund kommune er den minste kommuna i Sogn og Fjordane, men etter mi meining, den vakraste.

Eg byrja på vidaregåande i Balestrand på Sygna, og gjekk der i tre år på idrettslinja. Sjølv om eg hadde valgt idrett, fann eg raskt ut at det var media som var mi store interesse. I første klasse, byrja eg og to andre vener å lage små meiningslause filmar på fritida. Eg såg at dette var kjekt og eg bestemte meg for å drive med meir saklege prosjekt. Etterkvart laga vi kortfilm som fekk pris på lokal filmfestival, dette gav meirsmak til å fortsette.

Sommaren 2013 laga eg ein film om heimkommuna mi, Solund. I samarbeid med Solund kommune, fekk eg lage filmen som ein sommarjobb. Filmen vart populær på youtube, og seinare på vinteren fekk eg to publikumsprisar for filmen. Sjå filmen HER.

Etter dette vart eg meir interessert i det å formidle noko, spesiellt gjennom levande bilete. Eg prøvde å engasjere meg litt i det som skjedde i nærområdet, og etter små tilfeldigheitar på eit politisk arrengement i Balestrand, fekk eg moglegheiten til å lage videoar for NRK Sogn og Fjordane. Om du vil ta ein titt, så har eg to lenkjer eg kan dele med dykk. Veteranbiltreff og Balejazz

Eg brukar nynorsk, og ønskjer å arbeide som journalist i framtida. Valet var enkelt, eg søkte Nynorsk mediesenter og kom inn. Det er eg veldig takknemleg for.

Kull 21

Tor-Erik Humlen (1988), Frå Langevåg, Møre og Romsdal

Hibba Sarmadawy (1987), frå Libanon og Øystese i Hordaland

Elias Engevik (1995), frå Solund i Sogn og Fjordane.

Sigrid Agnethe Hansen (1989), Frå Harstad i Troms

Ine Eftestøl (1984), frå Bryne i Rogaland.