Elin Thingvoll Berge
Elin Thingvoll Berge var nynorskpraktikant på kull 8, våren 2008. Ho hadde ekstern praksis i NRK.no, og var vikar/tilkallingsvikar der etterpå. Men ho valde å gå attende til fast jobb som lærar framfor eit usikkert liv som tilkallingsvikar.
– I 2008 var eg journalistpraktikant ved Nynorsk mediesenter med påfølgjande praksis i nrknyheter.no. Her heldt eg fram i eit halvt års vikariat og seinare som tilkallingsvikar i ein periode.
Eg har master i medievitskap frå Universitetet i Bergen, der eg skreiv om korleis elevar på programfag Media og kommunikasjon nyttar sosiale medium i klasserommet. Av anna utdanning har eg Bachelor i Media, IKT og design frå Høgskulen i Volda, der eg òg tok eit semester med «media studies» ved La Trobe University i Melbourne, Australia. I tillegg har eg tysk og norsk grunnfag frå Høgskulen i Volda, samt praktisk pedagogisk utdanning frå Universitetet i Tromsø.
I jobben min som medielærar underviser eg både teknisk og teoretisk innanfor film, foto, journalistikk og grafisk design. Eg har òg hovudansvar for eit utvekslingsprosjekt som gir medieelevar høve til å ta Vg2 Media og Kommunikasjon ved Somerset College i England.
Har elles god erfaring med tekst, bilete og videoproduksjon, både frå utdanningssamanheng, som medielærar og som journalist