Elise Kvien

Elise Kvien

Fødd: 1996

Frå: Vartdal i Ørsta kommune

No: Vikar i NRK Nyhende

Elise Kvien var nynorskpraktikant på kull 29, 2018/2019. Ho hadde ekstern praksis i P3 Nyhenda på Tyholt, og gjekk direkte over i eit vikariat i direktelina i NRK Nyhende på Marienlyst. Ho er å høyre både i Dagsnytt og Alltid Nyheiter.

Elise Kvien skildra seg sjølv slik då ho byrja som nynorskpraktikant hausten 2018:

– Våren 2018 fullførte eg ein bachelorgrad i marknadsføring og leiing hjå NTNU i Ålesund. Eg har jobba som programleiar og reporter i Radio Ålesund i tre år, og forelska meg allereie før det i mediebransjen då eg gjekk media og kommunikasjon på vidaregåande skule. Eg har også jobba som konferansier og hatt ymse jobbar på si. Enkelt fortalt, er eg sunnmøring, musikkelskar og fotballentusiast.

Eg elskar utfordringar og likar å kjenne på press. Sånn er mi erfaring i mediebransjen så langt. Difor valde eg å gå vidare i draumen om å bli journalist. Å vere frå ei «Ivar Aasen-bygd» gjorde det også naturleg for meg å velje NRK Nynorsk mediesenter. Det vart to fluge i ein smekk, ein nynorskbrukande journalist.