Emily Louisa Millan Eide

Emily Louisa Millan Eide

Fødd: 1993

Frå: Ulsteinvik

No: Praktikant i redaksjonen for kultur og underhaldning i NRK Nyhende

Emily Louisa Millan Eide er praktikant på kull 32 ved NRK Nynorsk mediesenter, frå 6. januar til 30. juni 2020. I mai og juni har ho praksis i redaksjonen for kultur og underhaldning i NRK Nyhende, og ho har fått sommarjobb i innanriksavdelinga etterpå.

Slik presenterer Emily seg sjølv:

Så lenge eg kan hugse, har eg hatt ein fascinasjon for mennesket og eit ønskje om å gje ei stemme til dei som er dårlegare stilt i samfunnet.

Namnet mitt er Emily Louisa Millan Eide. Eg er 26 år frå Ulsteinvik. Eg har ein bachelor i dokumentarfilmregi frå Lillehammer. Snart kan eg i tillegg smykke meg med tittelen: multimedial journalist.

Eg har lenge vore oppteken av å møte folk i alle livssituasjonar, med forskjellige historier og bakgrunnar. Vore oppteken av å formidle deira bodskap gjennom foto, teikning, journalistikk og dokumentar. Eg ønskjer å opplyse folk og fortelje om urett. Eg ønskjer å rette fokuset mot ting som må fram i lyset. Men eg ønskjer og å fortelje kvardagshistorier med eit glimt i auge.

Då eg var tenåring, gjekk eg formgjeving i «byen», Ålesund. Då var eg omringa av folk som snakka «fint» og skreiv bokmål, men eg heldt på dialekta og skriftspråket mitt. For dei er ein viktig del av identiteten min. Det at eg som journalist kan skrive på nynorsk, som er nærare min talemåte enn bokmål, og tale mi dialekt når eg lagar filmar og reportasjar, ser eg på som eit privilegium.

Målet mitt er å fortelje audiovisuelt sterke, samfunnskritiske, gode historier, gjennom forskjellige formar for medium, på nynorsk.