Espen Breivik

Espen Breivik

Fødd: 1992

Frå: Volda, Møre og Romsdal

No: Vikar i VG

Espen Breivik var nynorskpraktikant på kull 26, våren 2017. Han hadde ekstern praksis i avdelinga for økonomi og politikk i NRK Nyhende, og heldt fram der som vikar ut april 2018. No er han vikar i VG.

Espen Breivik har vore leiar for Røde Kors Ungdom i Noreg og redaktør for ungdomsmagasinet Putsj. Av utdanning har han eit årsstudium i drama og teater og har teke fleire emner i statsvitskap.

Eg har alltid vore samfunnsinteressert og visst at eg ville bli journalist. Dei første verkelege erfaringane fekk eg då eg byrja å skrive for lokalavisa som 15-åring, og laga ungdomsradio på “Bygderadioen” medan eg gjekk Media og kommunikasjon på vidaregåande. Før eg vart nynorskpraktikant i 2017 frilansa eg for nynorskmagasinet framtida.no og var redaktør for ungdomsmagasinet Putsj.

Heile ungdomstida var eg aktiv i Røde Kors Ungdom, med fleire ulike verv. Etter vidaregåande og eit årsstudium i drama og teater frå Høgskulen i Volda, vart eg valt inn i sentralstyret til ungdomsorganisasjonen, og flytta til hovudstaden. Frå 2014 til 2016 var eg leiar for Røde Kors Ungdom nasjonalt og sat i Landsstyret til Norges Røde Kors. I Oslo byrja eg parallelt på studiar i statsvitskap ved Universitetet i Oslo.

Eg brenn for å fortelje gode og unike historier, formidling til barn og ungdom og det å leve ut journalistikken sitt samfunnsoppdrag. Eg har det best når eg kan vere kreativ, eller får møte spanande menneske, også dei som er ulike meg sjølv.