Fredrik Johan Helland

Fredrik Johan Helland

Fødd: 1990

Frå: Florø

No: Plassjef for Bristow i Florø

Fredrik Johan Helland var nynorskpraktikant på kull 28, frå 3. januar til 30. juni 2018. Han hadde ekstern praksis og sommarjobb i NRK Sogn og Fjordane. Fekk seg fast jobb i helikopterselskapet Bristow, som plassjef på flyplassen i Florø.

– Eg er Florøværing. Der er eg fødd, oppvaksen og lever i dag det gode liv med kone og bonusbarn. Eg har fleire gonger flytta ut for å studere og arbeide, men kjem alltid tilbake.

Heilt sidan tidleg ungdom har han vore engasjert. Det har vore i elevråd, Ungdommens bystyre, partipolitikk og bystyret. Av dei meir kjekkare tinga han han har vore med på nemner han havsportfestivalen Våt Moro, der som både festivalpotet og festivalsjef. Han har også vore med som assistent og andre oppgåver på fleire konsertar og arrangement.

-Eg har tidlegare studert eksportmarknadsføring ved Universitet i Nordland. I arbeidslivet har eg vore innom Statoil og jobba med personellogistikk i to omgangar. Eg har gjennom Avinor utdanning som AFIS-fullmektig med tilhøyrande pliktteneste i Mehamn, Finnmark.