Guro Brattespe Lahus

Guro Brattespe Lahus

Fødd: 1993

Frå: Bø i Telemark

No: Praksis i NRK i Telemark

Guro Brattespe Lahus er praktikant på kull 32 ved NRK Nynorsk mediesenter, frå 6. januar til 30. juni 2020. I mai og juni har ho praksis i NRK i Telemark, og ho har fått sommarjobb der etterpå.

Slik presenterer Guro seg sjølv:

Eg har tilknyting til to fagre stader; Hardanger og Telemark. Kvar enn ein snur seg i Hardanger er blikkfanget eit maleri frå nasjonalromantikken. Fjorden, fjella og Folgefonna. Reint makelaus, nesten ubeskriveleg, berre spør dronninga.

Sjølv om Hardanger er ein kjær stad for meg, var det felebygda Bø eg vaks opp i. Det er ein kulturrik stad og har utvilsamt sjarmen som små lokalsamfunn har; alle kjenner alle. Diverre skrantar det meir og meir på dialekta. No som eg har nokre år på baken, kjenner eg på ei frustrasjon kring dette. Ei kjensle av at eit særs viktig identitetsmerke svinn hen.

Etter vidaregåande vende eg nasen vestover. Over eit fjell, gjennom eit par tunnelar og over ei bru så enda eg til slutt på Karmøy Folkehøgskule. For eit år! Ferda vidare vart fire år på lærarskulen i den joviale trønderhovudstaden, før vestlandsgenet drog meg til Bergen der eg tok ein bachelor i medievitskap. Det gav mykje lærdom kring det teoretiske aspektet og den kritiske tenkinga, men diverre lite høve til å nytte det i praksis.

Frå tidleg alder har eg hatt stor interesse for formidling. Kanskje i for stor grad vil enkelte seie. Eg har fått beskjed om å ta meg fem minuttar. Ved fleire høve. Likevel vil eg seie at engasjement kring det å fortelje og formidle er viktig. Ikkje minst det å vere nyfiken på kva som skjer og har skjedd, om det så vere om mannen i gata eller internasjonalt.

På Nynorsk mediesenter håpar eg å få mykje erfaring og lærdom som kan gjere meg til ein god journalist som bidreg til å fremje nynorsk og telemarksdialekta.