Halvor Farsund Storvik

Halvor Farsund Storvik

Fødd: 1981

Frå: Førde/Sogndal

No: Journalist i Porten.no

Halvor Farsund Storvik var nynorskpraktikant våren 2014. Han hadde ekstern praksis i NRK Sogn og Fjordane og var vikar der til nyttår 2015. Etter det fekk han fast jobb som journalist i nettavisa Porten.no, ei partipolitisk uavhengig nettavis i Sogn.

Før Halvor Farsund Storvik gjekk NRK Nynorsk mediesenter hadde han skaffa seg både Bachelor og Master i journalistikk frå Universitetet i St. Petersburg, Russland, og vore journalist i Sogn Avis. Han kan russisk og har studert historie og filosofi ved NTNU i Trondheim.

Kull 20

Liv Ragnhild Sjursen (1984), frå Fusa i Hordaland

Oddbjørn Myklebust Opsal (1988), frå Ålesund i Møre og Romsdal

Guro Kvalnes (1991), frå Ullensvang i Hordaland

Halvor Farsund Storvik (1981), Frå Førde/Sogndal i Sogn og Fjordane

Silje Steinnes Bjerknes (1988), frå Volda i Møre og Romsdal