Håvard Tvedte

Håvard Tvedte

Fødd: 1981

Frå: Stord, Hordaland

No: Prosjektleiar NCE Maritime CleanTech

Håvard Tvedte var nynorskpraktikant på kull sju, i 2007/2008. Hadde ekstern praksis i NRK Dagsnytt og arbeidde ei tid i både NRK Nyheiter og Researchsenteret.

Tvedte arbeider i dag som prosjektleiar i NCE Maritime CleanTech på Stord, som organiserer samarbeid for utvikling av verdsleiande maritim miljøteknologi. Tvedte sit òg i fagrådet for Vinje-fondet, administrert av Nynorsk kultursentrum.

Tidlegare har Tvedte vore mellom anna direktør ved Sunnhordland museum og arbeidd i Stortingets administrasjon. Tvedte er utdanna historikar, og masteroppgåva handla om EU-forhandlingane i 1993. Han har også utdanning innanfor leiingsfag, geografi, journalistikk og bibliotek- og informasjonsvitskap.

 

 

 

Kull 7

Ingunn Viken (1980), frå Ona, Møre og Romsdal

Ivar Folkedal (1983), frå Ål i Hallingdal

Eline Buvarp Aardal (1984), frå Namndalseid, Nord-Trøndelag

Håvard Tvedte (1981), frå Stord, Hordaland

Eva Marie Felde (1981), frå Breim, Gloppen i Sogn og Fjordane