Ida Yasin Andersen

Ida Yasin Andersen

Fødd: 1992

Frå: Stord

No: Vikar i NRK Hordaland

Ida Yasin Andersen var nynorskpraktikant på kull 29 i NRK Nynorsk mediesenter frå 20. august 2018 til 28. februar 2019. Frå nyttår av hadde ho ekstern praksis i NRK Hordaland og held fram der som vikar.

Ida Yasin Andersen skreiv dette om seg sjølv då ho byrja som nynorskpraktikant hausten 2018:

– Eg vart ferdig med ein bachelor i Film- og TV-produksjon ved Universitetet i Bergen våren 2018. Her fekk eg verkeleg smaken på å prøve å nå ut til folk med ein godt formidla tekst eller levande bilete. Eg har eit nysgjerrig sinn og har alltid hatt ein lidenskap for å skape noko.

Dei tre siste åra har eg attmed studiet drive litt med musikk og spelt konsertar med eigneskrivne songar, på ulike scenar i Bergen. Det å kunne leve av å drive med kreativt arbeid er ein liten draum som eg håpar eg kan halde fram med. Journalistikk er eit svært spennande yrke med mange muligheiter.

Det er veldig spennande å jakte på dei unike historiene, og kome tett på folk. Praktikantstillingen hos Nynorsk mediesenter tenkte eg  dermed var ein fantastisk mulighet for å kome seg inn i journalistyrket.