Idun Fivelstad
Idun Fivelstad gjekk på kull 19, 2013/14. Ho hadde ekstern praksis i Norgesglasset i NRK P1, på Tyholt. Etter det har ho arbeidd som lektor i vaksenopplæringa i Rindal kommune, undervist framandspråklege i norsk og vore lektor ved Ole Vig vidaregåande skule i Trondheim. Hausten 2018 vart ho tilsett som språkansvarleg i NDLA (Nasjonal digital læringsarena).
Fivelstad er utdanna lektor i nordisk språk og idretts- og samfunnsvitskap ved NTNU i Trondheim. I studietida oppdaga ho “ein gryande kjærleik for journalistikk og radio i Radio Revolt – Studentradioen i Trondheim”. Der var ho med i 4 år, og forsøkte seg som litteraturkritikar, kulturreporter og kulturredaktør.
-Dialekta mi og det nynorske språket tyder mykje for meg, og difor var det verkeleg kjekt å vere i “Nynorskland” som nynorskpraktikant, seier Idun Fivelstad.