Idunn Lavik

Idunn Lavik

Fødd: 1995

Frå: Voss

No: Nynorskpraktikant

Idunn Lavik går på kull 30 med nynorskpraktikantar, frå 3. januar til og med 30. juni. Ho har no ekstern praksis i innanriksredaksjonen i NRK Nyhende på Marienlyst.   

– Eg er fødd og oppvaksen på Voss i Hordaland, elles kjend som verdas finaste bygd. Heilt frå eg var lita har eg elska å skrive, og draumen var lenge å bli journalist og/eller forfattar.

Eg har alltid vore nysgjerrig og glad i kultur, så på vidaregåande dro eg på eit utvekslingsår til Frankrike. Sidan har eg òg budd eit semester i Cape Town, Sør-Afrika, og elskar å reise rundt for å lære meir om korleis verda fungerar utanfor Noreg.

Samstundes har eg eit stort engasjement for samfunnet rundt meg, og då eg skulle velje studier, byrja eg på jusstudiet i Oslo. Ved sida av studiet har eg vore aktiv i ein ungdomsorganisasjon som jobbar med utviklingspolitikk, og gjennom den har eg fått halde mange foredrag, delteke på debattar og reist på internasjonale klimaforhandlingar – samstundes som eg fekk arbeide med å forandre verda saman med andre engasjerte ungdomar.

Etter tre og eit halvt år i Oslo fann eg likevel ut at eg trong eit karriereskifte og ville tilbake til skrivegleda, og difor bestemte eg meg for å søke på Nynorsk mediesenter – og her har eg verkeleg funne mitt kall. Eg lærer noko nytt kvar einaste dag, og får utfordra meg sjølv skikkeleg. No gler eg meg til å bruke engasjementet mitt vidare inn i journalistikken, og håpar eg får jobbe med dette så lenge som mogleg.