Inger Johanne Ruset
Inger Johanne Ruset var nynorskpraktikant våren 2013. Hadde ekstern praksis i NRK Møre og Romsdal, sommarjobb og vikariat der etterpå. Frå 2014 til 2016 var ho dagleg leiar for Ingebrigt Davik-huset i Brattvåg, kino- og kulturhuset i Haram. No er ho informasjonsrådgjevar i Noregs Ungdomslag (NU).
Før ho vart nynorskpraktikant var Inger Johanne Ruset journalist i det finske medieselskapet Futuvision Media, med base i Tammerfors, med Kina som spesialfelt.
Ho har ein dobbel mastergrad, Msc/MA Global Media & Communications, LSE og Fudan University. Fyrste året med medieteori ved London School of Economics and Political Science (LSE), der ho tok valfag innan internasjonal politikk. Andre året var ved instituttet for journalistikk ved Fundanuniversitetet i Shanghai, med praktisk undervising og innføring i det kinesiske mediesystemet.
Inger Johanne Ruset har ein bachelor i samanliknande politikk og ein i medievitskap, frå Universitetet i Bergen. Medan ho studerte der var ho PR-ansvarleg for Studentersamfunnet og aktiv i Studentradioen i Bergen. Ho har vore aktiv i ei rekkje lag og organisasjonar.