Ingrid Brandal Myklebust
Ingrid Brandal Myklebust var nynorskpraktikant på kull 14, våren 2011. Ho hadde ekstern praksis i NRK Dagsrevyen og etterpå var ho vikar der jamsides studiane. Myklebust er kommunikasjonsrådgjevar i Barne- og likestillingsdepartementet.
Ingrid Brandal Myklebust oppsummerer CV-en sin slik:
– Gjekk idrettslinja på vidaregåande i Ulsteinvik og drog etter dette til Sør-Spania der eg tok eit år medisin grunnfag. Brukte eit år på å reise i Latin-Amerika og å bu i Barcelona, før turen gjekk til Trondheim og ein bachelor i Europastudiar med spansk. I løpet av åra her gjekk også mykje av tida med til å vere frivillig på Studentersamfundet, UKA og ISFiT. Eit halvår tilbragte eg i Madrid på utveksling. Hausten 2010 starta eg på ein master i statsvitskap på Universitetet i Oslo, men søkte permisjon frå studiane for å ta til på Nynorsk mediesenter i januar 2011. Har sidan då fullført masteren og fått svært verdifull arbeidserfaring i Dagsrevyen og Sporten.