Ingvild Aleksandra Eide

Ingvild Aleksandra Eide

Fødd: 1993

Frå: Stord

No: Vikar i Bladet Sunnhordland

Ingvild Aleksandra Eide var nynorskpraktikant på kull 29 i NRK Nynorsk mediesenter, frå 20. august 2018 til 28. februar 2019. Frå nyttår av hadde ho ekstern praksis i NRK Hordaland. No er ho vikar i Bladet Sunnhordland.

Ingvild Eide skildra seg sjølv slik då ho byrja som nynorskpraktikant hausten 2018:

– Eg er fødd og oppvaksen på øya Stord, verdas største nynorskby. Eg elska å skrive, og drøymde om å få meg laptop slik at eg kunne skrive heile døgeret. På nynorsk, sjølvsagt.

Som 16 år gamal musikklineelev, søkte eg optimistisk på stillinga som frilansjournalist innanfor kultur i lokalavisa Bladet Sunnhordland, då utlysinga kom. Gleda var stor då eg fekk ein sjanse og dekte min fyrste konsert.

Det er sju år sidan no, og gjennom sommarvikariat og frilansoppdrag har eg fått vera med på mykje kjekt i lokalsamfunnet.

Etterkvart gjekk vegen vidare til Bergen og studiar der. I studietida jobba eg på studentpuben Ad fontes, song i kor og tok innimellom oppdrag for Sunnhordland heime på Stord.

Etter å ha levert bacheloren i historie, måtte eg finne på noko lurt for framtida. Kjærleiken for å skrive og formidle, peila vegen vidare mot Nynorsk mediesenter og Førde. Her står utfordringane på rekke og rad, og me lærer noko nytt kvar dag. Eg gler meg til å fylle på med kunnskap og erfaringar, til eit vonleg langt liv i journalistikken.