Karl Kristian Langeland
Karl Kristian Langeland gjekk på kull 13 med nynorskpraktikantar, 2010/11. Han arbeidde i NRK, som reporter og programleiar, til hausten 2014. No er han medierådgjevar for stortingsgruppa til Senterpartiet.
– Etter vidaregåande gikk eg på folkehøgskule i Ørsta, der eg gikk på «kinalinja», så vart det Frankrike, Lyon og franskstudier som fekk styre det neste året. Til slutt flytta eg til Oslo der eg studerte kinesisk og medievitskap (bachelor). Etter opplæringa i NRK Nynorsk mediesenter har eg vore i NRK P3, NRK Sogn og Fjordane, Nitimen og Reiseradioen.
Av jobbar eg har vore innom er det for mange til å nemne alle, men alt frå sjukeheim til slakteri og hotell. Av dei meir relevante jobbane kan eg vel nemne, Radio Nova der eg var journalist og etterkvart redaksjonsleiar i portrettprogrammet «Ry», trainee for Senterpartiet og praksisplass i NRK-Analyse.