Magnus Helle

Magnus Helle

Fødd: 1995

Frå: Vinje i Telemark

No: Vikar i Brennpunkt

Magnus Urup Helle var nynorskpraktikant på kull 30, våren 2019. Han er no vikar i programmet Brennpunkt i Dokumentar og samfunn i NRK. Helle hadde ekstern praksis og sommarjobb i NRK Sport.

Magnus Helle oppsummerer bakgrunnen sin slik:

I eit byggefelt i Åmot i Vinje kommune vaks eg opp i eit lokalmiljø der alle kjenner alle, og med ein natur som ber preg av flotte naturstiar og kvitkledde fjelltoppar.

Då eg var 16 år måtte eg flytte til Bø i midt-Telemark. Årsaka var at det var den nærmaste skulen som kunne tilby idrett som valfag. Det var i desse åra fasinasjonen for journalistikken byrja å få røter, og spesielt sportsjournalistikken.

Nokre år seinare byrja eg på medievitskap på Universitetet i Oslo. Våren 2018 vart eg ferdig med bachelorgraden min, og fekk meg eit halvtårs vikariat i lokalavisa Vest-Telemark Blad. I desse månadane blei eg verkeleg overtydd om at eg ville bli journalist, og ikkje minst at nynorsk skal vere mitt skriftspråk.