Marianne Feste
Marianne Feste gjekk på det femte kullet med nynorskpraktikantar, 2006/2007. Ho hadde ekstern praksis i NRK Hordaland og arbeidde der som vikar til våren 2010. Deretter vart ho kommunikasjonsrådgjevar i Skatt Vest. Ho arbeider med intranettet deira og er språkansvarleg i regionen.
Feste har ein Bachelor i kultur-og samfunnsvitskap frå Universitetet i Bergen, og i tillegg til graden har ho studert global utvikling og sosialantropologi.