May-Helen Rolfsnes
May-Helen Rolfsnes var nynorskpraktikant på kull 24, våren 2016. Ho hadde ekstern praksis i NRK Hordaland og var vikar der i eit år etterpå. No studerer ho nordisk ved Universitetet i Bergen.
Rolfsnes har journalistutdanning frå Universitetet i Stavanger, og har røynsle frå praksisjobb i Rogalands avis og vikarjobb i Stavanger Aftenblad. I tillegg var ho rettleiar for besøkande ungdomsskuleelevar i Aftenbladet.
May-Helen Rolfsnes skildrar seg sjølv slik:
– Eg er ein nyheitssvolten og ivrig journalist som elskar nye utfordringar og er nyfiken på det meste som skjer i samfunnet. Eg er glad i å setja i gong kreativiteten og utvikle idear. Å sjå arbeidet mitt bli til gjennomførte artiklar og reportasjar med kvalitet er noko eg får motivasjon frå. Kjensla av å sjå og/eller høyra noko eg sjølv har laga gir meg energi og enno meir arbeidslyst.