Oda Elise Svelstad

Oda Elise Svelstad

Fødd: 1993

Frå: Sel, Oppland

No: Praktikant ved NRK Nynorsk mediesenter

Oda Elise Svelstad er praktikant på kull 31 ved NRK Nynorsk mediesenter. 

Eg vaks opp på naturskjønne Sel i Gudbrandsdalen, og trass i at eg var omgjeven av flotte fjell i Rondane var det fotballbana i tjukkaste bustadfeltet som bergtok meg mest. Etter fleire år der idrett var ein stor del av kvardagen bestemte eg meg for å leggje fotballskoa på hylla og reise til Paris for å bli kjent med det franske språket, og eit heilt anna kulturliv enn det eg var vand med. Det inspirerte meg vidare til å studere Europastudier, før eg  gjekk over til Lektorprogrammet med faga nordisk-engelsk, på Blindern.

Heilt sidan eg var lita har eg høyrd på radio, og vore nysgjerrig på korleis ein lagar fengande reportasjar og intervju med berre lyd.  Som lidenskapeleg oppteken av språk, kultur og formidling valde eg derfor å søke meg inn på programmet Skumma Kultur på Radio Nova. Der vart eg kjent med dyktige og kreative folk som gjorde meg enda meir interessert i å jobbe med radiojournalistikk. Då eg høyrde om det å vere nynorskpraktikant på Nynorsk mediesenter var det ingen tvil om kor vegen skulle gå vidare!

Her lærer eg mykje spennande og mykje variert, og eg gler meg til fortsetjinga.