Ola Weel Skram

Ola Weel Skram

Fødd: 1991

Frå: Sogndal

No: Nynorskpraktikant

– Eg vart ferdig med ein mastergrad i Business Psykologi, hausten 2018, og frå før har eg ein bachelorgrad i samanliknande politikk. Eg har alltid vore nysgjerrig på kvifor menneske gjer som dei gjer, og kva mekanismar som påverkar korleis me kommuniserer med kvarandre. Som person er eg nok relativt utadvendt, har mange interessefelt og er alltid glad i ei god historie. Dette er nokre av fleire grunnar til at eg valde å søkje på NRK Nynorsk mediesenter.

På sida av studium har eg stort sett halde på med musikk, og eg jobbar som musikar ved sida av praktikantstillinga. Eg har stor glede av å kunne utfalde meg kreativt, noko eg håpar kan vere mogeleg å utnytte som journalist. Elles er eg veldig glad i trening, og er meir eller mindre altetande med det som har med fotball å gjere.

Eg er svært glad for at eg har fått moglegheit til å jobbe som praktikant for Nynorsk mediesenter, då eg ser på dette som ein fantastisk moglegheit til å lære frå utruleg dyktige profesjonelle. Gjennom denne stillinga har eg stor tru på at eg vil utvikle meg, ikkje berre fagleg sett, men kanskje også utover dette. Frå det eg har høyrt så er journalistrolla ikkje berre ein jobb – men ein livsstil. Eg gler meg til å dykke inn i denne bobla saman med mine medpraktikantar i tida som kjem