Olav Åsen Haugsgjerd
Olav Åsen Haugsgjerd var nynorskpraktikant på kull 22, våren 2015. Han hadde ekstern praksis i NRK Sørlandet, og arbeidde der som vikar ut 2015. I 2017 fekk han fast jobb som journalist i Vest-Telemark blad.
– Eg er oppvaksen på Åsen gard i Setesdal, i eit av dei sørlegaste nynorskområda i landet. Nynorsk og dialekt har vore ein naturleg del av oppveksten min, der Smørbukk og Vangsgutane var dei fyrste heltane. Sidan fylgde Ragnar Hovland og Frode Grytten etter.
Etter folkehøgskule og fyrstegongsteneste, har eg studert journalistikk ved Norges Kreative Høyskole i Bergen, samt diverse fag ved UIB og NLA. I studietida arbeide eg i Studentradioen i Bergen og magasinet Samviten ved UIB, i tillegg til deltidsjobb som miljøarbeidar ved Sandviken psykiatriske sjukehus. Samtidig som eg har hausta mykje erfaring frå gardsarbeidet heime.
Mine hobbyar er jakt og fiske, sport og historie, men eg interesserer meg i utgangspunktet for alt frå Olav H. Hauge til Vikingarna. Denne altetande eigenskapen trur eg kan vere ein styrke i journalistikken.