Ragnhild Bjørge
Ragnhild Bjørge var nynorskpraktikant våren 2007 og arbeidde i NRK til ho slutta i august 2019, for å bli redaksjonssjef i nettavisa Khrono sin redaksjon i Bergen. Bjørge var den fyrste språksjefen i NRK, frå 2013. Før det arbeidde ho ved to distriktskontor og i Dagsnytt.
Ragnhild Bjørge har ein Master i nynorsk skriftkultur frå Høgskulen i Volda, og ho har studert juss og statsvitskap ved Universitetet i Oslo. Ho er eit utprega organisasjonsmenneske og i studietida var det mest ikkje det styre, råd og utval ho ikkje var med i.
Ho var med i nemnda som reviderte nynorsknormalen i 2012, oppnemnd av Språkrådet. No sit ho i Fagråd for normering og språkobservasjon i Språkrådet. https://www.sprakradet.no/Vi-og-vart/Om-oss/Fagrad/Mandat-for-fagrada/#tre
Etter at ho var ferdig som nynorskpraktikant sommaren 2007, arbeidde ho som journalist i NRK Sogn og Fjordane og i NRK Hordaland, før ho gjekk attende til Dagsnytt, der ho hadde hatt praksis. I Dagsnytt har ho vore både reporter, programleiar, vaktsjef, språkkontakt og tillitsvald.