Ragnhild Voreland

Ragnhild Voreland

Fødd: 1995

Frå: Stord

No: Presse-og inf.offiser på Haakonsvern

Ragnhild Voreland var nynorskpraktikant på kull 30, våren 2019. Ho hadde ekstern praksis og sommarjobb i NRK Finnmark. Har takka ja til eit eit årsvikariat som presse- og informasjonsoffiser i Sjøforsvaret, på Haakonsvern i Bergen.

Ragnhild Voreland oppsummerer bakgrunnen sin slik:

– Språk og kommunikasjon er noko eg alltid har vore interessert i. Då eg fullførte vidaregåande opplæring var det difor naturleg for meg å flytta til Spania for å gå på skule og læra spansk, slik at eg kunne kommunisera endå breiare.

Vidare søkte eg meg til opptak til befalsskulen i Sjøforsvaret og kom inn. Eg enda opp med befalsutdanning og blei verande i over tre år som tilsett befal ved Madla leir, med forvaltninhgsansvar for nesten 200 soldatar. I løpet av desse tre åra lærte eg utruleg mykje om leiing og menneske generelt.

Ved sida av jobben i Forsvaret utdanna eg meg til personleg trenar ved Norges idrettshøgskole.