Roger Sevrin Bruland

Roger Sevrin Bruland

Fødd: 1977

Frå: Utvik, Sogn og Fjordane

No: NRK-korrespondent i Berlin

Roger Sevrin Bruland gjekk på kull 8 med nynorskpraktikantar, våren 2008. Han hadde ekstern praksis i NRK Utanriks og har arbeidd i NRK sidan. Frå hausten 2019 er Bruland NRK sin korrespondent i Berlin, med ansvar for den tysktalande delen av Europa og Aust-Europa.

Han oppsummerer bakgrunnen sin slik:

•    Odelsgut frå Nordfjord
•    Var patruljemann då det var krig i tidlegare Jugoslavia
•    Utdanna innan politisk risikoanalyse og sikkerheitspolitikk v/ Universitetet i Aberdeen
•    Utdanning innan utviklingspolitikk ved det Amerikanske Universitetet i Kairo
•    Har arbeidd med bistandsprosjekt ved dei norske ambassadane i Bucuresti og Skopje
•    Utanriksreporter i NRK, som også liker å formidle populærkultur og historie frå heile verda

Kull 8

Eivor Opheim Brandseth (1985), frå Skogn i Nord-Trøndelag

Roger Sevrin Bruland (1977), frå Utvik, Sogn og Fjordane

Marit Holmquist Fenne (1980), frå Elnesvågen, Fræna, Møre og Romsdal

Olav Arne Nedrelid (1978), frå Fjørtoft, Møre og Romsdal

Elin Thingvoll Berge (1980), frå Vik, Sogn og Fjordane