Sigrid Sivertsen Haugan

Sigrid Sivertsen Haugan

Fødd: 1994

Frå: Levanger

No: Studerer arabisk på UiO

Sigrid Sivertsen Haugan var nynorskpraktikant på kull 28, frå 3. januar til 30. juni 2018. Ho har ekstern praksis på P3 Desken på Tyholt og sommarjobb i Her og Nå. Hausten 2018 held ho fram med Midtausten – og arabiskstudiet på Universitet i Oslo. Ho satsar på eit semester der og det andre i Jordan. I september/oktober er ho hyra inn i NRK for å arbeide med å finne døme til ein TV-produksjon om ungdom og psyksik helse.

– Eg er oppvaksen på landsbygda i Nord-Trøndelag. Eg likar å tru at journalisten i meg vart fødd då eg starta den ultralokale avisa Okkenhaug Tidende, som dekka hendingar på garden Okkenhaug Vestre og omland. Med teft for gravande og kritisk journalistikk, kunne eg opplyse mine mange lesarar (mor og far) om alt frå nedlegging av barneskulen i bygda til kusleppet på nabogarden.

Som ivrig lesar av Norsk Barneblad, vart trønderen nynorskkvinne frå barneskulen av. – Språk er noko av det som interesserer meg aller mest, og eg er oppteken av eit godt, sterkt og levande nynorsk.

Sigrid har bachelorgrad i sosialantropologi frå NTNU, og delar av den har ho tatt i Libanon og Palestina der ho studerte arabisk språk og Midtaustenstudiar. I 2017 skreiv ho bacheloroppgåve om interseksjonell feminisme og muslimske kvinner si rolle i den norske kvinnerørsla.

– Eg har alltid vore nysgjerrig på verda rundt meg. Eg er samfunnsengasjert, glad i å formidle, og har stor skrivelyst. Interessa for skriving og språk tok meg til Nynorsk mediesenter, og det å få utvikle meg som nynorskskrivande journalist innanfor alle plattformer i NRK har vore enormt spennande. Eg er takksam for og stolt av å vere nynorskpraktikant!