Sjur Mikal Dolve

Sjur Mikal Dolve

Fødd: 1999

Frå: Tørvikbygd i Kvam

No: Praktikant ved NRK Nynorsk mediesenter

Sjur Mikal Dolve er praktikant på kull 32 ved NRK Nynorsk mediesenter, frå 6. januar til 30. juni.

Dolve presenterer seg sjølv slik:

Etter å ha tusja ned interiøret i far min sin varebil ein fin sumarsdag tidleg i barndomen, fann eg ut at det var journalist og ikkje illustratør eg ynskte å bli. Omtrent då eg byrja på ungdomsskulen oppdaga eg verkeleg dei fantastiske media radio og podkast. På skulebussen hadde eg alltid med meg ein DAB-radio i lomma, og heime stelte eg dyr, selde jordbær og sette poteter med podkastar i øyra.

I tiandeklasse skulle me utplasserast ei veke i arbeidslivet, og eg la i veg til Oslo og vitja P3. Då eg var 16 baud eg meg fram som journalistspire for lokalavisa, og fekk jobba hjå dei i helger og feriar. I arbeidslivet har eg også prøvd meg bak kassa på bensinstasjon og som servitør, før eg i fjor vart innhenta av vernepliktslova (og sjølvsagt også mitt eige ynskje om å gjera noko anna), og hadde fyrstegongsteneste i Bardufoss.

Eg har alltid vore nyfiken og undra på kva som rører seg i verda rundt meg. Mi interesse for læring kjem nok godt med som praktikant – her lærer me mykje på kort tid.