Sølve Rydland
Sølve Rydland gjekk på det tredje kullet med nynorskpraktikantar, 2005/06. Han hadde ekstern praksis i NRK Dagsnytt, var tilkallingsvikar i NRK Hordaland medan han studerte og fekk fast jobb i 2010. Rydland har hatt allsidige oppgåver som journalist og er no politisk journalist i distriktsredaksjonen i NRK Hordaland. Frå 1. september 2018 er han tilsett som redaksjonssjef i NRK Hordaland.
– Sidan eg gjekk ut av Nynorsk mediesenter i mars 2006 har eg jobba ved NRK Hordaland sin redaksjon i Bergen. Lenge jobba eg hovudsakleg som politisk journalist, med særleg vekt på bystyret i Bergen, fylkestinget i Hordaland og hordlandsbenken på Stortinget. I tillegg dekka eg Sporstklubben Brann sine heimekampar. Dei første åra etter at eg gjekk ut av Nynorsk mediesenter kombinerte eg jobben ved NRK Hordaland med studier i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen. Saman med opplæringa ved Nynorsk mediesenter har politikkutdanninga ved universitetet gitt meg gode førestnader for å kombinera interessene for politikk og journalistikk.
Sølve Rydland arbeider òg med eit bokprosjekt for Samlaget, og sit i programkomiteen til Nordiske mediedager.