Solveig Hareide

Solveig Hareide

Fødd: 1983

Frå: Florø, Sogn og Fjordane

No: Prosjekt- ogprogramleiar i vitskapsredaksjonen på Tyholt

Solveig Hareide var nynorskpraktikant på kull 2, våren 2005. Ho hadde ekstern praksis i NRK P3 og har arbeidd i NRK etterpå, som programleiar i alt frå Newton, BarneTV til Kosinus, Schrødingers katt, Evig ung, Latterlig smart, osv. Arbeider både som ideutviklar, prosjektleiar og programleiar i vitskapsredaksjonen på Tyholt.

Utdanning/bakgrunn: Romerike Folkehøgskule og bachelor i Medieproduksjon ved NTNU. Og Nynorsk mediesenter, sjølvsagt!

Jobb: Eg har jobba i NRK heilt sidan Nynorsk mediesenter. Hadde praksis i NRK P3 i Trondheim, og fekk vikariat i  Påskemorgon etterpå. Barne-TV var så kjekt at eg jobba med det i mange år, både Sommarmorgon, Barne-TV, Stå Opp, Newton, Energikampen, og Kosinus. Kosinus utvikla vi sjølv etter bestilling frå NRK Super, og oppgåva var å lage eit matteprogram for dei minste. Så var eg med og utvikla eit program om hjernen, i den nye sjangeren viten-reality.

 

Kull 2

Eli Fossdal Vaage (1984), frå Lindås i Hordaland

Ingebjørg Bø (1977), frå Bø i Telemark

Birte Njøsen Horne (1984), frå Florø, Sogn og Fjordane

Solveig Hareide (1983), frå Florø, Sogn og Fjordane

Janne-Marit Myklebust Falch (1981), frå Ørsta, Møre og Romsdal