Solveig Nyhus Aksnes

Solveig Nyhus Aksnes

Fødd: 1995

Frå: Haramsøy i Haram kommune.

No: Praksis i NRK Møre og Romsdal.

Solveig Nyhus Aksnes er nynorskpraktikant på kull 29 i NRK Nynorsk mediesenter og byrja på opplæringa i Førde 20. august 2018. Frå nyttår og ut februar har ho ekstern praksis i NRK Møre og Romsdal, i Ålesund. Ho har alt fått seg vikariat der etterpå.

Av utdanning har ho ein bachelor i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen, samt eit eittårsstudium i interkulturell forståing ved NLA i Bergen.

– Samfunnsfag har alltid vore mitt favorittfag. Eg likar å halde meg oppdatert på det som skjer, prøve å forstå kvifor. Der var samanliknande politikk det perfekte studie for meg. Menneskjer ber på mange forskjellige historier, desse vil eg vere med på å formidle.