Susanne Egset

Susanne Egset

Fødd: 1989

Frå: Ørsta, Møre og Romsdal

No: Innhaldsrådgjevar i Netlife Design

Susanne Egset var nynorskpraktikant i 2011/12. Ho arbeidde eit par år i nyhendeavdelinga i NRK på Marienlyst. Etter det var ho informasjonskonsulent på Oslo Lufthamn og rådgjevar i PR-byrået Gambit. Ho har teke fag i statsvitskap, design og digital kommunikasjon ved sidan av arbeidet, og frå april 2017 er Egset fast tilsett som innhaldsrådgjevar i designbyrået Netlife Design.

Før ho vart nynorskpraktikant hadde Susanne Egset ein bachelorgrad i PR, kommunikasjon og media frå Høgskulen i Volda. Ho har erfaring som informasjonsrådgjevar i FN-sambandet, frilansjournalist i lokalaviser og nettredaktør i UKM Norge.

 

 

Kull 15

Sondre Dalaker (1992), frå Kaupanger, Sogn og Fjordane

Maria Pile Svåsand (1986), frå Strandebarm i Hordaland

Susanne Egset (1989), frå Ørsta, Møre og Romsdal

Agnese Bremere (1988), frå Latvia og Luster i Sogn

Lars Erik Andreassen (1991), frå Sandnes i Rogaland