Synne Ulltang

Synne Ulltang

Fødd: 1989

Frå: Os, Hordaland

No: Arbeider på Bergen Bibliotek.

Synne Ulltang var nynorskpraktikant på kull 27, frå august 2017 til mars 2018. Ho hadde ekstern praksis i programmet Ekko i NRK P2. No er ho prosjektmedarbeidar på Bergen Bibliotek. Ulltang er også sokalla “citizen journalist” ved den koreanske ambassaden i Noreg. Det er seks nordmenn som skriv om Korea i Noreg. Det er gratisarbeid og stillingane vart lyste ut som ein del av markeringa av at det i 2019 har vore diplomatisk kontakt mellom Noreg og Korea i 60 år.

Ulltang har master i engelskspråkleg litteratur frå Universitetet i Bergen. Det fyrste året av bachelorgraden reiste ho til University of British Columbia, i Vancouver, der ho tok fag som nyare russisk litteratur, antropologi, kunst- og religionshistorie. Vidare studerte ho engelsk litteratur ved Universitetet i Oslo og var innom lærarutdanninga ved Universitetet i Stavanger.