Tonje Noreng Trøen

Tonje Noreng Trøen

Fødd: 1992

Frå: Vestre Sildre

No: Nynorskpraktikant

Tonje Noreng Trøen er nynorskpraktikant på kull 30, frå 3. januar til 30. juni 2019. Ho har ekstern praksis i NRK Supernytt og har fått seg sommarjobb i NRK Sogn og Fjordane.

Eg har vakse opp på eit småbruk i Vestre Slidre, Valdres. Trass i at eg har budd andre stader i 10 år er eg sterkt knytt til staden og dialekten.

Formidling har for meg vore sentralt i oppveksten. Allereie i ein alder av 5 år drøymde eg om å bli forfattar, og på scena fekk formidlingsynskje kome til uttrykk gjennom teater. Hjartet for både teater og musikk følgde meg vidare inn i tenåra då eg på vidaregåande gjekk dramalinja.
Seinare fann eg mykje glede i reising og utforsking av kulturar eg ikkje kjenner til. Denne interessa gjorde til at eg no har ein bachelorgrad i marknadsføring og leiing av turismeopplevingar og eit studium i spansk.

Det siste året har eg fått erfaring som praktikant innan sosialt entreprenørskap i Sør-Afrika. Eg utforska også grunderen i meg gjennom ynskje om å skape noko godt for lokalmiljøet. Dette gjorde til at eg starta eit galleri, Bortåt Glaset, i heimbygda som ein plattform for kunst og kultur.

Det var særleg i samband med mitt siste utanlandsopphald eg fekk bekrefta at ynskje om å skildre det som rører seg i verda står sterkt i meg. No vil eg bruke nysgjerrigheita og skrivegleda til å dele historier med andre – på nynorsk!
Her lærer vi mykje og raskt, og eg gler meg stort til fortsetjinga!