Tor-Erik Humlen

Tor-Erik Humlen

Fødd: 1988

Frå: Langevåg, Møre og Romsdal

No: Journalist i Skavland-redaksjonen TV 2/SVT

Tor-Erik Humlen var nynorskpraktikant på kull 21, 2014/15. Frå hausten 2018 er han journalist i produksjonsselskapet Monkberry AS og er med og lagar Skavland-programma for TV 2 og Sveriges Televisjon.

Som nynorskpraktikant hadde Tor-Erik Humlen praksis i NRK P3 i Oslo, og etterpå var han vikar i P3-morgen. Deretter var han journalist for Senkveld i TV 2. – I Senkveld-redaksjonen hadde eg ansvar for å skrive manus for intervju med gjestar innan humor og musikk. Det var oppgåva mi å prøve å få tak i det  dei mest aktuelle gjestane, før dei kom hjå konkurrenten, fortel Humlen.

– Eg er fødd og oppvaksen i Langevåg, som er ei bygd rett utanfor Ålesund kommune. Her er det naturleg å velje nynorsk som hovudmål, og eg er glad for å få ta med meg språket vidare.

Tidlegare har eg fått prøve meg litt som student ved Universitetet i Bergen. Her har eg byrja på ei lektorutdanning i nordisk språk og litteratur, som eg gjerne vil fullføre når eg ein gong får tid.

Eg har henta mykje praktisk erfaring frå arbeid hos mellom anna TV 2 Sumo, Skandiabanken og Høgskulen i Ålesund. All arbeidserfaring kjem godt med i journalistjobben. Spesielt hos Nynorsk mediesenter, der vi skal lære journalistikkfaget ved å bruke «lære-med-å-gjere-det-metoden».

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kull 21

Tor-Erik Humlen (1988), Frå Langevåg, Møre og Romsdal

Hibba Sarmadawy (1987), frå Libanon og Øystese i Hordaland

Elias Engevik (1995), frå Solund i Sogn og Fjordane.

Sigrid Agnethe Hansen (1989), Frå Harstad i Troms

Ine Eftestøl (1984), frå Bryne i Rogaland.