Trine Svanholm Misje

Trine Svanholm Misje

Fødd: 1993

Frå: Byrknesøy i Gulen

No: Praksis i innanriksavd. i NRK Nyhende

Trine Svanholm Misje er praktikant på kull 32 ved NRK Nynorsk mediesenter, frå 6. januar til 30. juni 2020. I mai og juni har ho praksis i innanriksredaksjonen i NRK Nyhende, på Marienlyst. Ho ha fått sommarjob der etterpå. 

Slik presenterer Trine seg sjølv:

Allereie i 6. klasse var eg inne på tanken om å bli journalist, og eg laga min første (og førebels einaste) dokumentarfilm under «elevens val» same år. Her intervjua eg bestemor om heimbygda hennar. Eg lærte og mi første lekse om journalistikk, nemleg at ein ikkje kjem særleg langt med å berre stille ja/nei-spørsmål. Eg tok ein pause frå journalistikken til eg var vel fjorten. Då var det tid for elevbedrift, og eg og to medelevar starta opp avisa «Byrknesnytt». Ambisiøse som me var planla me fem utgåver. Me fekk gitt ut to. Her lærte eg ei lekse nummer to, om tidsklemma.

Etter kvart flytta eg frå heimbygda mi på Byrknesøy i Gulen til storbyen Bergen for å studere. Politikk og menneskerettar var favorittfaget på vidaregåande, og statsvitskap var dermed eit naturleg val vidare. Eg tok ein mastergrad i administrasjon og organisasjonsvitskap ved Universitetet i Bergen. I tillegg har eg teke fag innanfor samfunnsøkonomi, europastudier og utviklingsstudier.

Eg treivst svært godt som student, særleg når eg fekk gå nærare inn på spennande problemstillingar knytt til tema innanfor politikk og samfunn. Eg bestemte meg difor for at mine journalistiske forsøk på barne- og ungdomsskulen ikkje skulle bli mine siste. Eg søkte meg til NRK Nynorsk Mediesenter for å finne ut kva leksjon nummer tre ville bli. No er vi to veker ut i opplegget, og eg har mista oversikten over kva leksjon eg har kome til. Alt eg veit er at dette blir eit utruleg lærerikt halvår, og eg ser fram til kvar einaste dag.