Turid Astrid Reksten

Turid Astrid Reksten

Fødd: 1983

Frå: Florø

No: Feltprest i Forsvaret

Turid Astrid Reksten var nynorskpraktikant på kull 28, frå 3. januar til 30. juni 2018. Ho hadde eksterne praksisen i NRK Sogn og Fjordane. Reksten hadde permisjon frå stillinga si som feltprest i forsvaret, for å gå Nynorsk mediesenter, og er attende i den jobben.

“Dette har eg lyst til ein gang”, tenkte Turid då ho første gong las om Nynorsk mediesenter.

Etter vidaregåande skule bar det av stad på Ten Sing Norway, deretter matematikkstudiar i Bergen, før Turid vart utdanna cand.theol. ved Universitetet i Oslo. Seinare har det blitt studiar i fred og konflikthandtering i Bangkok, katastrofe- og krisehandtering, og ulike organisasjonsfag. Media og journalistikk har vore ein del av fleire av faga og eksamensoppgåvene. Desse smådryppa har styrka ønsket om å utforske dette meir. Etter ti år i Forsvaret, til sjøs og til lands, i inn- og utland, var tida no inne for å vere nynorskpraktikant.

“Jo meir eg studerer, jo meir finn eg ut at eg ikkje kan. Og slik ser det ut til å halde fram.”

Aktiv fritid med organisasjonsarbeid, frivillig innsats og mykje reising i inn- og utland, har vore med på å dyrke interessa for medmenneske og verda rundt ho. “Eg er generelt nysgjerrig, eller naturleg interessert, som er meir positivt ladd.” Nyhende er viktig for Turid. Det same er formidling og godt språk. Det er så mange historier der ute! No er ho veldig spent på kva dører tida som nynorskpraktikant vil opne.

Tidleg kom det for ein dag for kullet at Turid er flittig brukar av Tekst-TV, både på TV og internett. Og så spelar ho inn sine eigne ringetonar på blokkfløyte.