Vegard Tjørhom

Vegard Tjørhom

Fødd: 1987

Frå: Sirdal i Vest-Agder

No: Masterstudent ved UiO.

Vegard Tjørhom var nynorskpraktikant på kull 18, våren 2013. Han hadde ekstern praksis i NRK Utanriks og var vikar der etterpå. Våren 2014 var han praktikant i FN. Etter det var han vikar i utanriksavdelinga og nyhendeavdelinga i NRK i vel to år. Frå våren 2017 til hausten 2018 var han kommunikasjonsrådgjevar i Kirkens Nødhjelp. Han sa opp den jobben for å ta eit vikariat i nyhendeavdelinga i NRK, frå oktober 2018 til 1.september 2019. No er han masterstudent i freds- og konfliktstudiar (Peace and Conflict studies) ved Universitetet i Oslo.

Tjørom har arbeidd med både nett, radio, fjernsyn og SoMe i ulike fagredaksjonar og vore mykje på direkten dei åra han har arbeidd i NRK.

Før Vegard Tjørhom byrja på NRK Nynorsk mediesenter hadde han studert statsvitskap og fransk ved Universitetet i Oslo, og vore sommarvikar i Stavanger Aftenblad, Vårt Land og Dalane Tidende.

Han hadde studert Afrikanske og asiatiske studiar ved Universitetet i Oslo og Tverrkulturell kommunikasjon ved Hald Internasjonale Senter (Mandal). Han hadde vore eittåring i Mali, for Det Norske Misjonsselskap. Då arbeidde han i landsbyen Douentza nord i Mali, mellom anna i ein barnehage for norske ungar og med dataundervising for malisk ungdom.

Som praktikant i FN fyrste halvår 2014 skreiv han mellom anna referat frå møta i Tryggingsrådet og generalforsamlinga, og førebudde møte og besøk for politikarar som kom til FN. Vegard Tjørhom var aktiv i Senterungdommen og leiar i Strømmestiftelsen sin ungdomsorganisasjon, RE:ACT då han byrja som nynorskpraktikant i 2013.

 

Kull 18

Hanne Våge (1992), frå Stord, Hordaland

Adalheidur Oldeide (1988), frå Holvik, Vågsøy kommune, Sogn og Fjordane.

Vegard Tjørhom (1987), frå Sirdal i Vest-Agder

Trond Espen Bjoland (1993), frå Ågotnes, Hordaland

Inger Johanne Ruset (1985), frå Linge, Møre og Romsdal