Wilhelm Støylen

Wilhelm Støylen

Fødd: 1980

Frå: Kvamsøy, Møre og Romsdal

No: Reporter i barnetvred. i Førde

Wilhelm Støylen gjekk på kull 16 med nynorskpraktikantar, våren 2012. Han hadde praksis i Nitimen, og har arbeidd i Nitimen, NRK Møre og Romsdal, Kveldsåpent og Norgesglasset etterpå. Fast tilsett i NRK Sogn og Fjordane våren 2017, der han arbeidde  både med nyhende og barneprogram. Fekk hausten 2018 fast jobb i barnetv-redaksjonen i Førde.

Wilhelm Støylen er utdanna skodespelar og frilansar både som journalist og skodespelar. Han var programleiar i NRK Super i to år før han vart nynorskpraktikant.

Kull 16

Raymond Lidal (1986), frå Bømlo, Hordaland

Katrine Nybø (1986), frå Ørsta, Møre og Romsdal

Hans-Olav Rise (1991), frå Ulsteinvik, Møre og Romsdal

Ingunn Rauk (1983), frå Grendi i Setesdal

Wilhelm Støylen (1980), frå Kvamsøy, Møre og Romsdal